Varsam Daud såg dagens lys ein kald sumardag i 2003. Kort tid etter starta arbeidet med å spele inn ein demo, og dermed kunne Odin få uttrykt dei kalde kjenslene han sat inne med i form av kald og vond musikk. Demoen vart ferdig ein kald og grufull haustdag i 2003, og vart gjeven ut som ein split- demo saman med bandet Hælvete. "Wrath Of Satan / Grufulle Visjonar" er gjeven ut i 66 kopiar, og inneheld 17 minutt med grim, vond og jævleg Black Metal. Det såg lenge ut som om Varsam Daud hadde vist sitt siste livsteikn, men ein stormfull og jævleg vinterdag i november 2004, møttest Odin og Vonbroten. Over nokre krus mjød kom dei fram til at dei burde slå seg saman, og med dette vart bandet Hælvete lagt på is. Varsam Daud står no sterkare enn aldri før, og nye mørke tonar vil truleg snart vere tilgjengelege... "Wrath Of Satan / Grufulle Visjonar"-demoen er framleis å få tak i, men det er no få eksemplar igjen.
|