Master og Death Strike til Oslo i mai

Default File 1645102057

Av og til hender det ting som kan karakteriseres som begivenheter. En konsert er i utgangspunktet ikke så veldig spesielt, men når en death metal-legende avlegger en visitt, og det med et band han aldri tidligere har spilt med her til lands, ja, da må det kunne kalles en begivenhet, eller hva? Screaming Skulls Erlend Nedreberg Bauthus gir oss et lite innblikk i det hele.

I samarbeid med Revolver setter altså Screaming Skull opp to konserter med legendariske Paul Speckmann, i form av Master og Death Strike, nå i mai. Hva slags forventninger har dere til arrangementene? Hva skal til for at dere blir fornøyde?

«Føler eg må begynne med å seie at det er smått uverkeleg å sitje her og svare på desse spørsmåla i samband med desse konsertane. No er det snart to år sidan me slapp Fuckin’ Death på kassett, som var den fyrste av fire Speckmann-utgjevingar på Screaming Skull. Me gler oss stort til det som utan tvil vert to episke kveldar på Revolver med to av dei viktigaste namna innan ekstrem metal. 

Det må vel vere lov å seie at me forventar ikkje mindre enn to gonger stinn brakke! Dette er jo ein heilt unik sjanse til å få med seg to konsertar med ein pioner, og alle med eit snev av interesse for death metal bør kjenne si besøkstid.»

Det må jo være litt ekstra stas at Death strike gjør sin første konsert i Norge noensinne. Har dette vært en bidragende årsak til at dere gikk for denne dobbelpakka? Utvilsomt et godt salgsargument …

«Berre det at me kunne setje opp ein konsert med eit so legendarisk band som Master er i seg sjølv noko me er særs nøgde med, men når moglegheita til å kunne setje opp eit Death Strike-sett dukka opp i tillegg, måtte me berre gjere det. Etter at me gav ut den fyrste Death Strike-tapen, var det fleire som fortalte meg at denne var ein av grunnane til at dei begynte å høyre på ekstremmetall, so det er nok mange som har ynskja å kunne sjå dei klassiske låtane live, meg sjølv inkludert.»

Har dette vært en enkel deal å få i stand, eller har det blitt litt masing fra en part her? Jeg tenker da spesielt på Death Strike, som jo spiller heller sjelden.

«Det var ein veldig lett deal å få til so fort me faktisk sette i gang. Det som tok lengst tid var å finne ein dato pga. pandemi og restriksjonar, men responsen frå Speckmann var alltid if you can make it happen, we’ll be there. Ekstra takk til Revolver oppi dette. Dei har verkeleg stått på for at dette skulle verte ein realitet.»

For de som ikke kjenner til det ene eller begge av Speckmanns band, hvilke utgivelser bør man sjekke ut først? Det snakkes om de to legendariske demoene i konsertomtalene, men disse gir jo ikke nødvendigvis det beste inntrykket av hva man kan forvente av banda musikalsk disse to kveldene. 

«Av Death Strike i studio er det jo kun Fuckin’ Death som eksisterer, som er namn på både demoen og albumet som inneheld demoen og fire låtar til. Med Master er det fleire album som er aktuelle. Ein kan begynne med det sjølvtitulerte debutalbumet og oppfølgjaren On the Seventh Day God Created Master. Nyare album som Slaves to Society, Four More Years of Terror og Vindictive Miscreant bør heller ikkje oversjåast. For dei som vil ha ytterlegare djupdykk, har han prosjekta Abomination og Speckmann Project, der sistnemnde nyleg slapp nytt materiale.»

Vingulmork og Nachash er to flotte og velkjente norske undergrunnsband. Hva anbefales å sjekke ut for de som er ukjente med et eller begge banda?

«Vingulmork sitt album Chiaroscuro frå 2015 og Phantasmal Triunity som Nachash slapp i 2018 er gode utgangspunkt, men eg har ikkje høyrt noko frå dei to banda eg ikkje har likt, so her er det berre å begynne akkurat der ein føler for det.»

Til slutt, hvis du ad hoc skal rangere Speckmanns betydning for death metal-sjangeren, på hvilken plass hører han hjemme?

«Topp 3. Speckmann sine bidrag til death og deaththrash er ekstremt viktige og ekstremt undervurderte. Det er ikkje få band der ute som har har laga cover-låtar av Master eller Death Strike, fordi dette er musikk som inspirerte deira eigen. Eg kan nemne Exhumed, Nunslaughter, Nekromantheon og Mayhem på ståande fot.»

***

For å kjøre på med en liten oppsummering, er det snakk om to kvelder på Revolver, en med Master pluss sport, en med Death Strike pluss oppvarming (Yj).

274126793 4463337370438770 6135999934460432983 N