Zebulon til Uk

Doombandet vant Metal2TheMasses og vant plass på Bloodstockfestivalen.

Zebulon@Bandcamp

Dere vant hele sulamitten her i Norge og drar over til Uk, gratulerer!

Oddmund (bass): Tusen takk for det. Det har vore eit mål, heilt sidan me meldte oss på tidligare i vår, så det føles godt å oppnå det målet ein har satt seg.»

Har dere fått info på når og hvor lenge dere får spille etc?

«Alle som kjem til Bloodstock via Metal2theMasses får ein spot på 30 minutter på New Blood Stage. Dette er same settlengde som me hadde i utslagsrundane. Kva dag og tid på dagen veit me ikkje enda, men scena har musikk frå ca 10.30 -20.00 alle tre dagar.»


Foto: Arild Aanensen

Hva var det som gjorde at dere vant? Fikk dere noen feedback som peker på noe?

«Tja, dette er jo ikkje heilt som Idol med dommarpanel som gir direkte feedback til alle band, men ein jury som diskuterer seg fram til kven dei ønsker å senda vidare. Den bestod av eit par lokale musikarar, og drivkrefter frå Sandnes Rockeklubb som har gjort denne konkurransen fleire gonger før.»

Zebulon@Facebook

Jeg fikk ikke med meg stort på denne konkurransen, så den gikk under min radar, var det mange som slåss om seieren?

«Der var tilsaman sju band som var påmeldte, det eine bandet trakk seg rett før semifinalane.

Desse banda vart fordelt på to kveldar, der to band gjekk vidare til finale. Dei andre banda i finalen var Cherish the Weak frå Egersund, Ormabol frå Stord, og Natas frå gamle Sunnfjord, som dei seier det sjølv.

Alle banda leverte etter mi meining ei betre forestilling under finalen, så eg er glad det ikkje var eg som skulle avgjera kven som skulle gå heile vegen til Bloodstock

Foto: Brian Tallman

Zebulon, hva skjer der utover seieren i Metal2The Masses? Er det skive, konserter eller andre ting som kan avsløres?

«Me brukte hausten i fjor til å niøva på seks låter me, så gjekk i studio i januar for å spela inn. Iver Sandøy legg i desse dagar siste finpuss på dei i miksen, så målet er jo å få ut debutplata vår i haust. Me har eit par tilbud på bordet, men har ikkje landa 100% i skrivande stund. Men om den skal ut i haust, må me få fingen ut snart. 

Me har ikkje planlagt så mange konserter i haust foreløpig, så om det er nokon der ute som er gira på å høyra litt Classic Doom frå Jæren, må dei bare ta kontakt med sine lokale arrangørar. Me er opne for det meste! 

Me håper jo det kan bli litt lettare å få til fleire spelejobbar så snart plata er ute, men et gjenstår jo å sjå…

Om det ikkje blir så mange konserter, får me kanskje tid til å jobba med neste plate!»