Karmøygeddon 24

Cor Scorpii, extremt bra extremmetal

av yngve

Cor Scorpii 18 (1)Skiva 'Ruin' kom i handel for litt siden, og spilles fortsatt på det jevne her. Jeg så bandet live ikke så lenge før slippet, hvor de framførte noen av låtene, og jeg følte det var noe på vei. Tidligere har ikke bandets metal truffet helt, men 'Ruin' ikke bare traff, den står og dirrer i hjerterota ennå. Jeg måtte selvsagt banke på hos bandet og sjekke litt rundt albumet.

Bilde, fotograf: Ukjent

Så inderlig godt det må være å få ut en skive etter så lang graviditet. Ble det så setefødsel eller sugekopp? Eller var det rett ut og alt vel? 

Thomas: "Sjølve innspelingsperiodane gjekk vel ganske smertefritt denne gongen. Men det var langt mellom dei. I motsetning til Monument-innspelinga vart denne gjort i fleire omgongar og over ein mykje lengre periode. Den gongen øvde vi også mykje saman i forkant av innspelinga, medan vi denne gangen gjorde det meste kvar for oss. Dette gjorde at vi ikkje heilt visste korleis det kom til å bli til slutt. Eit langt svangerskap var det, sjølv om sjølve fødselen gjekk ok."

Inge Jonny: "Rett ut og alt vel. Sjølv om innspelingane drog ut over tid som Thomas her nevner, så har dei aller fleste låtane vore ferdig lenge. Og vi har fått gjort dei endringar vi syns har vore nødvendig. Det er alltid noko ein har lyst til å pirke borti, berre for å prøve å få det enda bedre,men vi må vi jo til slutt sette eit punktum, og dette er resultatet. Vi er godt fornøyd."

Jeg husker godt når Cor Scorpii kom, og når det ble stille, og at det hist og pist har skjedd noe slik at bandet ikke har blitt borte fra radaren. Hvordan har dere jobbet med å holde bandet synlig? Har dere hatt en slagplan underveis i disse årene for å unngå at dere ble glemt? Eller er det kun snakk om et vakum, og at det nå boblet over med nyskiva?

Thomas: "Eigentleg verken eller. Ingen plan bak det. Men det er klart at vi mista mykje moment når vårt første plateselskap gjekk dukken midt i release av Monument. Vi vart redda av Dark Essence på sjølve utgivelsen, men vi klarte aldri heilt å reise oss mtp å få på plass konsertar og liknande."

Medlemsmassen har det skjedd noe med, ikke sant? 

Thomas: "Det har vore relativt lite endring med tanke på at vi no har spelt under dette namnet sidan 2004. I løpet av ein lengre dødperiode for Cor Scorpii opna det seg ein plass som ny leadgitarist i Vreid og dette var sjølvsagt veldig interessant for Stian som gjerne ville spele meir live. Han møtte stor forståing hos oss når han forklarte valget sitt, sjølv om det er trist og skummelt å miste ein såpass viktig bidragsytar til soundet vårt. Når vi så skulle kikke rundt etter ein ny leadgitarist valgte vi å begynne i nærområdet. Erlend var ein kompetent gitarist som eg spelte med i ungdommen, men som eg berre hadde hatt sporadisk kontakt med i mange år. Vi visste han hadde spelt med Silent Vanquish og med Funeral i ein periode, men vår stil er jo litt annleis og raskare. Vi inviterte han med på ein slags audition og det tok ikkje lang tid før vi oppdaga at han var rette mannen for jobben. Veldig flink og seriøs gitarist som passa veldig bra inn i gjengen."

Erlend: "Kan legge til at eg aldri før har øvd så mykje som eg gjorde i perioden før denne auditionen. Faen ta deg, Stian! He-he. Stian var forøvrig veldig behjelpelig i forkant, og inviterte meg heim til seg for å gå gjennom låtane. Eg fekk til og med håndskrevne tablatur av enkelte parti som var vanskelige å plukke. Service!"

Konserten på Karmøygeddon i år var veldig bra, spesielt dette eposet mot slutten, når dere etterlot salen med hakeslepp og hvor en episk stemning hadde gjort sitt. Fornøyde selv? Og hva skjer med livebiten framover? Er dere allerede på gang med turneplaner?

Thomas: "Vi var veldig fornøgde etter Karmøygeddon, dei er flinke til å få artistane til å føle seg vel. Sjølve gigen gjekk bra, sjølv om vi alltid ser forbetringspotensiale. Vi har lyst å spele meir og trur sjølv at vi har ein pakke som funkar bra på scena. Dersom interesserte les dette, så er vi klar for å spele!"

Cor Scorpii@Facebook

Tekstene er svært bra, jeg pleier ikke å like å lese dikt, men disse slo meg som svært gjennomtenkte dikt med tunge og veloverveide ord og baktanker. Hvordan gikk du fram Thomas? Er tekstene noe som kommer spontant? Eller er det over tid? Og hva vil du formidle? 

Thomas: "Takk for det! Eg legg nok litt prestisje i å skrive ærlige og meiningsfulle tekstar. Eg skryt ikkje på meg at det er stor lyrikk, men eg likar å leike meg litt med typiske lyriske verkemiddel. Eg les eindel lyrikk og har skrive mykje opp gjennom åra. Opphavet til kvar enkelt tekst er ulikt. Noko har kome ganske raskt på plass medan vi har jobba med vokalarrangement og preproduksjonar, men andre tekstar har tatt lang tid å sy saman. Sjølve innhaldet vegrar eg meg litt på å gå inn på, for eg vil overlate litt tolking til lyttaren. Dei fleste tekstane gir nok eindel meining ved første gjennomgang, men eg har prøvd å legge inn nokre fleire nivå."

Sjekk tekstene om du har skiva, eller kjøp den og sjekk.

 Lydbildet slo meg som svært vellykket, ingenting dominerte, alt var kløktig lagt og jobbet sammen for å fremme musikken. Hvordan er storyen bak produksjonen? Hvem og hvor? Og var resultatet i tråd med det dere selv hørte for dere i forkant? Eller skjedde det ting underveis, som kanskje endret det hele til noe annet?

Thomas: "Vi visste at vi ville tilbake til Børge og Toproom. Han er rå på miks og veit kva vi er ute etter. Vi har holdt kontakten gjennom åra sia Monument og han har vel vore den mest utålmodige på å få oss i studio igjen. Denne gangen gjorde vi trommene, reamping av gitar og bass, vokalinnspeling og miks i Toproom."

Inge Jonny: "Det som er fordelen med å bruke 10 år på ei skive, er jo at ein har god tid til å prøve å feile på korleis dette her skal låte til slutt med tanke på nivå på dei forskjellige instrument osv. før ein kjem i studio (kan anbefalast) ;)."

Det er mykje harmoniar og melodier som kryssar kvarandre, og då er det viktig at ingenting dominerar, men at alt kan høyrast godt i lydbildet. Børge i Toproom er ein meget dyktig og ikkje minst fin fyr å jobbe med. Og han har absolutt klart å få fram det vi håpte på i forkant. Tommel opp! Vil også nevne at masteringen og siste finpuss vart gjort av Tom i Kvalsonic Lab. Også med meget tilfredsstillende resultat."

Cor Scorpii 18 (2)Coveret, uvanlig valg i forhold til at dere spiller den musikken dere gjør. Man hadde jo forventet et klassisk maleri med urnorske motiver 😉 Hva slags dialog hadde dere med kunstneren? Og var det ferdige verket noe dere hadde som tankespinn allerede tidlig i prosessen? Eller fikk dere selv en overraskelse?

Thomas: "Det urnorske vart sjølvsagt diskutert, men raskt droppa. Vi ville unngå dei typiske klisjeane i sjangeren, så vi leita lenge etter noko som ville bryte med dette. Vi brukte så lang tid på å diskutere det at til slutt fekk vi dårlig tid med å få på plass noko i tide som vi alle kunne einast om. Ein av ulempene med å ha så ulike inspirasjon og referansar i smak. Men så snubla vi over Novans Instagram. Utypisk, men meir passande enn vi trudde digital kunst kunne vere. Eg sendte ei melding og han var klar for å levere på kort frist og innanfor det budsjettet vi hadde. Vi kom med nokre innspel undervegs og syns vi endte opp med noko som høver til både tekst og musikk…i tillegg til at det stikk seg fram."

Jeg falt jo ned på 'Fotefar' som favorittlåt på skiva, den er enorm! Det er ikke lett eller rettferdig å spørre et band som har jobbet så mye med en skive om favoritt, så: hva liker dere best med skiva? Hva er det som gjør dere ekstra stolte når dere enten viser fram eller spiller gjennom albumet for folk?

Thomas: "Eg har vel hatt Siste Dans som favoritt heilt frå vi byrja så smått. Likar sjølvsagt alle låtane, men den er spesiell på så mange måtar! Utan tvil Inge Jonny sitt magnum opus! Eg er nok først og fremst mest stolt over at vi kom i mål med skiva, men eg trur vi har klart å lage eit album som er nokonlunde fritt for påverknad av trender og andre tidsriktige element."

Erlend: "Eg likar alle låtane, men om eg skal trekke fram ein favoritt blir det uten tvil Siste Dans. Ellers er Hjarteorm ein favoritt."

Du kan lese min anmeldelse av skiva HER .

Dere blir jo lagt i skuffen med sognemetall, føler dere selv at det er der dere er i 2018? Eller er det en bevegelse som har dyttet dere litt ut og fram? 

Thomas: "Vi syns kanskje det var litt vanskelig i starten. Vi følte den merkelappen var Windir sin og såg kanskje ikkje heilt korleis vi førte vidare den arven. Vi lagde jo berre den musikken vi likte. Fellestrekka hang jo saman med at ein hadde vakse opp saman, med alt det inneber og ein hadde til og med jobba med musikk i lag. No er vi innforstått med samanlikninga og vi er jo fans av og venner med alle banda i sjangeren."

Inge Jonny: "Sognametall har jo litt med identitet å gjere også. At me kjem frå nokre bygder innerst i Sognefjorden. At musikken er litt lik er jo fordi vi blir inspirert av kvarandre, og at vi voks opp på samme tid tenker eg. For meg personleg så har melodiøs musikk alltid vore noko eg har lytta mykje til. Og denne musikkstilen, kall det gjerne Sognemetall. Med det brutale og råe på den eine sida, og det sørgmodige vakre på den andre er to kontrastar som går meget godt ilag, og skapar god variasjon i låtane. Folkemusikk er jo heller ikkje akkurat uvanleg innimellom fjella her. Så det er klart at når eg sjølv er oppvoksen med trekkspelmusikk og gammaldans, så tek du det med deg inn i dine eigne låtar også."

Hva hører dere selv på? Inspirasjonen til noe slikt vi hører på 'Ruins' er jo ikke direkte åpenbar. Det kan være svart, thrash, vanlig metal, folkemusikk, soundtracks. Fyrer dere av noen artister/skiver som både har inspirert dere over tid til å bli det dere er, og som kanskje spesifikt ligger litt bak den musikken dere har skrudd sammen nå?

Thomas: "Vi er 6 mann med ekstremt ulike preferanser, men vi har laga nokre Spotify-spelelister som kanskje gir eit lite innblikk i kvar vi har funne inspirasjon. Eg er litt stolt av at vi har klart å sy i hop ei plate vi alle er veldig nøgde med."

Internett er internett, lange intervjuer kan være overkill for dagens utålmodige mennesker 😉 Vi snurper sekken og labber til fjells, sier tusen takk for at dere ville bruke tid på å henge her på Heavymetal.no - og åpner opp for kommentarer, avsluttende ord, oppfordringer, her er alt lov så lenge man ikke trår over grensen til norsk lov 😊.

Inge Jonny: "Takk til alle som har tatt seg tid til å lytte til Ruin,og for alle gode tilbakemeldinger som bidrar til ny skaparlyst."

Thomas: "Som Inge Jonny også seier, så er vi utruleg takksame for alle som tek plata til sitt bryst. Vi set pris på om folk sprer ordet og musikken, det er den beste måten å nå ut på i dag. Ein ting har iallefall ikkje forandra seg sia tapetradingen og det er at word of mouth framleis er den beste måten å spre musikk."

To fete låter, og spiller du 'Siste Dans' rake veien gjennom, vil du oppleve denne flotte melodien krype under huden mot slutten.